Om oss

Hå frivilligsentral vart oppretta i 1997 og er knytta til Helse og sosial i Hå kommune. Hå kommune er eigar av sentralen.

Frivilligsentralen skal vere eit kontaktpunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte ein ubetalt innsats i nærmiljøet og dei som ynskjer å motta ein slik innsats. Sentralen skal fungere som ein møteplass og brubyggjar mellom einskildmenneske, frivillige organisasjonar og det offentlege.

Frivilligsentralen formidler hjelp mellom menneske i lokalmiljøet. Nokon ynskjer å hjelpe, andre treng hjelp.
 
Å vera frivillig gir meining i kvardagen.
Med å vere frivillig kan du delta i eit inkluderande og mangfaldig felleskap. Du møter andre, og gir noko av deg sjølv og byggjer nettverk i lokalmiljøet. Gleden over å bruke deg sjølv og å hjelpa andre er den betalinga du får
 
Ynskjer du å vere frivillig? Ta gjerne kontakt med Frivilligkoordinator Merethe Elin Kvia
på telefon 900 58 247, eller på e-post frivilligsentralen@ha.kommune.no .
 

Hå Frivilligsentral har lokaler i kjelleren i Jadarvegen 5  



2024 © Hå frivilligsentral